"Løp for livet" på skulen i Bykle onsdag 14. oktober

Som del av innsatsen for TV-aksjonen sundag 18. oktober blir det i år som i fjor “Løp for livet” på skulen i Bykle. Det heile går føre seg onsdag 14. oktober. Også kompisane i barnehagen er klare til innsats!

Pixabay

Skulane i Bykle har saman gjort dette i fleire år. Kvar elev samlar inn «sponsorar». Det kan vere føresette, besteforeldre, bedrifter og liknande. Dei betalar eit beløp for kvar runde som eleven spring (1-7.klasse 500 m og 8-10.klasse 1000m). Eleven får med seg eit teljekort heim over tal rundar, og det er den enkelte som i etterkant betalar inn på Spleis og pengane går rett til TV aksjonen

Deltaking det viktigaste

Skulane legg vekt på deltaking og at alle skal ha det moro. Ein legg seg ikkje opp i tal på rundar og  heller ingenting med beløpet som blir gjeve via Spleisen.

Under løpet blir det frukt og drikke til alle som deltek. Det blir kaffi til dei frammøtte som ikkje skal springe

Program

11.00 – Løpet startar (frukt og vatn serverast til dei som spring)

12.00 – Pølser og saft til alle 

Ein finn Spleisen via lenkje her: https://www.spleis.no/project/516931

Ein kan og gå inn på www.spleis.no og søke via postnummer 4754, eller skrive Bykle

Målet for dagen er å samle inn minst 55.000 kr., men det er sjølvsagt bare ein bonus om det blir meir!