Løypekøyringa får eigen plass i nyheitsappen Friskus
Bykle kommune har teke eit nytt steg for å gjere nyttig og aktuell informasjon lettare tilgjengeleg. No får informasjon om løypekøyring ein eigen bolk i nyheitsappen Friskus, ein app som snart 4500 menneske nyttar for å fylgje nyheitsbiletet øvst i Setesdal.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.11.2026 09:12
Sist endra 20.11.2026 09:12

Kommunen nyttar alt Friskus til å publisere nyheiter og informasjon, med høve for ddei snart 4500 brukarane til å få pushvarsel direkte på mobilen. Med den nye løysinga blir også informasjon om skiløypene samla på ein lett tilgjengeleg stad. Det betyr at folk kan gå rett inn i Friskus for å sjekke forholda, sjå kva løyper som er køyrde og få oversikt over kva løyper som er tilgjengelege.
Auka nytteverdi
Dette vil auke nytteverdien av Friskus, særleg gjennom vintersesongen når mange ønskjer rask og enkel informasjon om løypetilhøva før dei legg ut på tur. For Bykle kommune handlar satsinga også om å samle meir av den praktiske informasjonen på éin stad. Målet er at Friskus skal vere ein kanal der innbyggjarar, hyttefolk og besøkande enkelt kan halde seg oppdaterte på det som skjer i kommunen. Med løypekøyringa på plass får Friskus dermed endå ein funksjon som kan vere nyttig i kvardagen, og for mange vil det no vere naturleg å sjekke appen før skituren.

Last ned Friskus for Android
Last ned Friskus for Apple