Løypenettet i Bykle kommune får mykje skryt

På tampen av ein sesong prega av ustabilt ver og krevjande forhold både for villrein og ikkje minst dei som skal køyre opp langrennsløyper rundt omkring i Bykle kommune, må det vere ei trøyst at kvaliteten på løypenett og prepping blir lagt merke til!

Draumen.. Sigrid Bjørgum

For det har kome inn svært mange positive tilbakemeldingar til kommunen med tanke på løypestandarden. Visst har veret vore dårleg, og innskrenkingar i løypekøyring på grunn av krevjande forhold for villreinen set korkje reinsdyra eller alle oss andre pris på. Løypene ein likevel har makta å halde opne, har vore av prima kvalitet.

– Her har verkeleg Bykle kommune eit fortrinn ein må hegne om, som ein av fleire hyttebyklarar som har kome med positiv tilbakemelding seier det.

Mange i sving

Det er eit stort og kostbart apparat som krevst for å halde oppe løypenettet i Bykle kommune. Hovden løypekøyring med alle som er i sving og det frivillige løypebidraget er viktige faktorar. I tillegg skyt Bykle kommune inn betydelege midlar for kvar sesong. Godt då, at kvaliteten blir lagt merke til. Etter dei ulike restriksjonane i vinter er no løypekøyringa i normal gjenge att - men 1. mai er det slutt for denne gong.