Løyper på Hartevatn var ein aldri så liten aprilspøkLytt til tekstenStopp avspillingDei fleste, men slett ikkje alle, fekk med seg at saka om skiløyper på Hartevatn i går, 1. april, var ein aprilspøk. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 02.04.2024 09:36 Sist endra 02.04.2024 09:36 Saka om langrennsløyper på Hartevatn var ein aprilspøk. Eivind Ilje Tveit Me skreiv at på grunn av vanskelege forhold for villreinen, og ikkje minst forventningar om endå meir krevjande forhold i åra som kjem, blir det meste av langrennsløyper på Hovden neste vinter køyrt opp i ulike trasear på Hartevatn. Irriterte lesararSaka vart delt i sosiale media, og fleire stader var det irriterte folk som meinte at løyper på Hartevatn langt frå var godt nok for vinterdestinasjonen Hovden. Så var det altså bare 1. april - og det er eitt år att til ein kan finne på ein ny vri. Så høyrer det med til historien at den dagen med flest besøk på heimesida dei siste 30 dagane er nettopp gårsdagen!