Massiv interesse for Bykle kommune under Arendalsveka!

Det har vore mykje folk samla under Arendalsveka, og det trøkket Bykle kommune opplevde under “sin” dag på stand fortel om massiv interesse for kommunen øvst i Setesdal!

Mange ville vite meir om Bykle kommune under Arendalsveka. Bykle kommune

Bykle kommune deltok med fynd og klem både frå politisk og administrativt nivå under Arendalsveka - og vart altså verkeleg lagt merke til. På kommunen sin stand var det alt frå informasjonsmateriell til quiz, og folk strøymde til. 

Travel ordførar

Bykle-delegasjonen, med ordførar Hans Blattmann i spissen, fekk mykje å gjere med å svare på spørsmål, fortelje om kommunen og beint og greitt sette preg på Arendalsveka!

Byrja i 2012

Arendalsveka er ein årleg møteplass for politikk, samfunnsliv og næringsliv som har vore arrangert i Arendal sidan 2012. Arrangementet har vakse til å bli Noregs største demokratiske møteplass, med over 2000 arrangement og om lag 100000 besøk kvart år. Her møtest politikarar, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar for å diskutere aktuelle samfunnsspørsmål og framtidige løysingar.

Bykle-ordførar Hans Blattmann, lengst til venstre, var ein travel mann i Arendal. Bykle kommune