Meir ope kontor hjå Bykle-ordførarenLytt til tekstenStopp avspillingBykle-ordførar Hans Blattmann har vidareført ordninga med “open dør” til ordførarkontoret visse dagar, og no går han på med ein ny runde. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 05.06.2024 12:34 Sist endra 05.06.2024 12:34 Bykle-ordførar Hans Blattmann held fram med "open dør"-ordninga. Ole Birger Lien Fredag 7. juni frå klokka 12-14 kan den som vil det møte på døra i Bykle rådhus og få han i tale. 11. juni er det på kontoret i Hovdetun mellom klokka 08-10 han sit klar. I tillegg er datoane 18. juni i Hovdetun mellom klokka 08-12 og 21. juni i Bykle rådhus mellom klokka 12-14 klare.– Ein fin og enkel måte å gjere seg tilgjengeleg på. Desse dagane og tidspunkta er det altså ikkje nødvendig å gjere ein avtale, det er bare å kome, seier Hans Blattmann.