Næringsbesøk til landbruket i Bykle kommuneLytt til tekstenStopp avspillingNyleg var Bykle-ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl rundt om på ny runde med næringsbesøk i kommunen. Denne gong handla det om lokalt landbruk. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 26.01.2024 13:34 Sist endra 26.01.2024 13:34 Bykle kommune på næringsbesøk på Ørnefjell. Frå venstre: Signe Sollien Haugå, næringsavdelinga, Sten Terje Bakken, bonde, ordførar Hans Blattmann, kommunedirektør Karina Sloth, varaordførar Merethe Hjemdahl og Markus Lund, næringsavdelinga. Sigrid Bjørgum Med seg i fylgjet hadde dei både kommunedirektør Karina Sloth, næringsavdelinga og landbruksrådgjevar. Dei var innom gardsbruk både i Trydal og på Ørnefjell for å sjå korleis lokale bønder driv, og for å få med seg innspel om kva det lokale landbruket ser av utfordringar og potensiale. Gode ordningarBøndene peika på gode tilskotsordningar i kommunen, ordningar ein er oppteken av å bevare. Fleire streka under at god dialog mellom kommune og landbruk er avgjerande for godt samarbeid og utvikling. I tillegg vart det peika på at beitedyr versus turisme kan skape utfordringar, men at det er god balanse i dag.Varaordførar Merethe Hjemdahl i nærkontakt med landbruket. Karina Sloth