Næringsrådgjevar i full sving i Bykle kommuneLytt til tekstenStopp avspillingMarkus Lund er i gang som næringsrådgjevar i Bykle kommune, og arbeider med alt frå Enøk-saker til ulike prosjekt elles. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 26.01.2024 09:34 Sist endra 26.01.2024 11:28 Markus Lund er i sving som næringsrådgjevar i Bykle kommune. Signe Sollien Haugå 42-åringen, opphaveleg frå Sverige men busett i Noreg dei siste 20 åra, bur i dag på Evje og pendlar til Bykle. – Det er nok å henge fingrane i, og det er eg glad for, seier han.SiviløkonomLund er utdanna siviløkonom, og har tidlegare drive eiga verksemd innan bygg og eigedom, og dessutan vore pensjonsrådgjevar i Storebrand.– No er det Bykle kommune som gjeld. Viss nokon har spørsmål til meg er det greiast å sende meg ein e-post, så tar eg tak i spørsmål og saker fortløpande, seier Markus Lund. HER kan ein sende e-post til næringsrådgjevaren.