NAV Bykle ope måndagar i sommar med unnatak av veke 30

Kvar måndag i sommar med unnatak av måndag 20. juli i veke 30 er NAV Bykle ope mellom klokka 12-14. Nav Midt-Agder i Vennesla har ope for drop- in tysdagar og torsdagar mellom klokka 12-14.

Ole Birger Lien

Er du i ein akuttsituasjon der du ikkje har pengar til mat eller står utan bustad det næraste døgeret, kan du kontakte NAV på telefon 55 55 33 33. Kvardagar frå klokka 09-15. For andre henvendelsar kan ein også ringe 55 55 33 33 eller via nav.no. Henvendelsar om pensjon, telefon: 55 55 33 34. 

På Nav.no kan ein søke om økonomisk sosialhjelp digitalt, og ettersende vedlegg. www.nav.no/sosialhjelp