No gjeld den ekstraordinære bandtvangen heile Bykle kommuneLytt til tekstenStopp avspilling19. februar innførte Bykle kommune ekstraordinær bandtvang som galdt hyttefelt, bustadfelt og skiløyper. No blir bandtvangen utvida til å gjelde alt areal i kommunen. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 19.03.2024 10:13 Sist endra 19.03.2024 10:13 Bykle kommune utvidar den ekstraordinære bandtvangen til å gjelde alt areal i kommunen.Den utvida ekstraordinære bandtvangen held fram like til ordinær bandtvang gjeld frå 1. april.– Bakgrunnen for avgjersla er dei krevjande forholda for villreinen. Laussnø er ikkje problemet lenger, men nediste beiteområde dei fleste stader, seier Sigrid Bjørgum i Bykle kommune.UnnatakDen ordinære bandtvangen i Noreg gjeld frå 1. april til 20. august. I Bykle kommune gjeld bandtvangen til 15. oktober. I bandtvangen som no er innført er det unnatak for hundar i teneste, dresserte gjetarhundar og dessutan hundar som blir nytta til dømes i ettersøk etter eit sjukt dyr.