No har Bykle kommune meir enn 4200 brukarar på appen Friskus!

Meir enn 4200 brukarar har lasta ned og nyttar appen Friskus for å få med seg nyheitsmeldingar frå Bykle kommune. Appen er gratis å laste ned og bruke.


 

Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune oppmodar alle om å nytte appen Friskus og aktivitetskalenderen for å få med seg stort og smått frå og i Bykle kommune. Ole Birger Lien

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Bykle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er Bykle kommune ein vil fylgje! Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.

Også aktivitetskalender

Bykle kommune har også teke i bruk aktivitetskalenderen i Friskus. Kommunen legg sine arrangement i kalenderen - men lag og organisasjonar med alt frå basarar til loppemarknad kan også legge inn sine. Ei digital samhandling om kulturlivet, med andre ord. Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.

– Me ynskjer tett og god dialog med fastbuande og tilreisande, og Friskus har vist seg som ein svært effektiv måte å sikre dette på. Det er gledeleg at så mange nyttar appen, og det er plass til endå fleire, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Friskus for Android

Friskus for Apple