Norsk-irsk musikalsk møte i Fjellgardane kyrkje
Onsdag 4. november klokka 19 er det duka for eit spennande møte mellom Setesdal og Irland når Inger Lise Stulien, Endre Stulien Robstad og The Cedar Dobson Band inviterer til konsert i Fjellgardane kyrkje.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.11.2026 12:42
Sist endra 03.11.2026 12:42

På scena møtest sterke folkemusikktradisjonar frå to land. Mor og son Inger Lise Stulien og Endre Stulien Robstad får med seg dei irske musikarane Cedar Dobson på fløyter, vokal og perkusjon, Lúan De Burca på bouzouki og vokal og Gabriel Gonzalez på gitar, mandolin og vokal. Saman skapar dei eit musikalsk møte der tradisjonell folkemusikk frå Setesdal og Irland får spele side om side med nye lydlandskap og improvisasjon. Publikum kan sjå fram til både energiske låtar, vakre balladar og historier som bind menneske og kulturar saman.
Kraftfull musikk
The Cedar Dobson Band er kjent for eit kraftfullt og nyskapande musikalsk uttrykk. Inger Lise og Endre tek på si side med seg den rike kultur- og folkemusikkarven frå Setesdal. Saman byggjer dei bru mellom tradisjonar, generasjonar og landegrenser gjennom musikken.
Konserten byr dermed på ei musikalsk reise mellom Setesdal og Irland, med røter, identitet, speleglede og kulturmøte som sentrale ingrediensar.
Konserten i Fjellgardane kyrkje startar onsdag 4. november klokka 19.00, og dørene opnar klokka 18.30. Billettprisen er 200 kroner.
Bykle kommune er arrangør.
Kjøp billett her