Nytt program med kulturkaféar i haust

Kulturkaféen i Bykle har program på gang også til hausten, etter ein innhaldsrik vårsesjon.

Sjølv om me ikkje kjem med alle detaljar no, er det klart at det 23. september er kulturkafé i regi av Folkeakademiet i Bykle, 21. oktober korpsbasar ved Bykle musikkorps og 18. november Bykle mållag og eit møte med munnharpespelar og målmann Sigurd Brokke. Me kjem med meir om innhaldet når datoane nærmar seg.

Korpset i Bykle har basar som kulturkafe i haust. Bykle kommune