Aktørar frå både det offentlege og det private samla seg til oppstartsmøte for beredskapsråd i kommunane Valle og Bykle i Valle onsdag.
Ole Birger Lien
Bykle-ordførar Hans Blattmann og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum innleia møtet, der deltakarane drøfta korleis ein kan styrkje samarbeidet om samfunnstryggleik og beredskap i dei to kommunane. På møtet deltok representantar frå mellom anna naudetatar, Statsforvaltaren, frivillige organisasjonar, kraftbransjen og andre aktørar som spelar viktige roller dersom ei krise eller ei uønskt hending skulle oppstå. Gjennom det nye beredskapsrådet ønskjer kommunane å etablere ein fast arena for dialog, samordning og erfaringsutveksling.
Styrke lokal beredskap
Opprettinga av beredskapsråd er også i tråd med oppmodinga frå Statsforvaltaren, som har oppfordra kommunane til å etablere slike samarbeidsforum for å styrkje den lokale beredskapen og samle sentrale aktørar rundt same bord.
– Beredskap er eit felles ansvar. Når kommunar, naudetatar, frivillige og andre samfunnsaktørar møtest jamleg, blir vi betre kjende med kvarandre og står sterkare rusta dersom noko uventa skjer, peika dei to ordførarane på under møtet.
Formelt samarbeid
Bykle og Valle har gjennom fleire år hatt eit formelt samarbeid om beredskap. Det nye beredskapsrådet byggjer vidare på dette samarbeidet, samstundes som fleire aktørar blir trekte inn i det førebyggjande arbeidet og i planlegginga for framtidige hendingar.
Deltakarane fekk presentere sine roller og ressursar, og samtalane synte eit breitt engasjement for å utvikle samarbeidet vidare. Mellom tema som vart tekne opp var krisehandtering, informasjonsdeling, øvingar og korleis dei ulike aktørane kan støtte kvarandre ved større hendingar. Både Blattmann og Myrum understreka at små lokalsamfunn har mykje å vinne på å samarbeide tett.
– Vi har alt eit godt og etablert beredskapssamarbeid mellom kommunane. Med eit felles beredskapsråd får vi også samla hjelpeetatane, organisasjonane og andre viktige aktørar i ein felles struktur. Det vil styrkje den samla beredskapen i regionen, seier dei.
Det er lagt opp til at beredskapsrådet skal møtast jamleg framover og vere ein arena for samarbeid, kunnskapsdeling og felles førebuingar. Målet er å gjere Bykle og Valle endå betre rusta til å møte framtidige utfordringar og sikre tryggleiken til innbyggjarane.
Frå venstre Bykle-ordførar Hans Blattmann, assisterande beredskapssjef hjå Statsforvaltaren i Agder, Dag Auby Hagen og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum under oppstartsmøtet.
Ole Birger Lien