Redusert ladekapasitet for elbilar på Hovden fram til 1. november

På grunn av oppgraderingsarbeid vil det frå no og fram til 1. november vere ein vesentleg redusert ladekapsasitet for elbilar i Hovden sentrum.

Destinasjon Hovden

I denne perioden er Tesla-ladarane ute av drift. Det går altså føre seg ei større oppgradering som mellom anna betyr at talet på ladarar blir auka frå 12 til 20. 

Åtte ladarar tilgjengelege

I perioden fram til 1. november er likevel åtte Eviny-ladarar tilgjengelege. Der skal det også byggast ut frå åtte til 12 ladarar.