Regionalt næringsfond med styrka regional fokus
Har du eit prosjekt som kan bidra til regional etablering, utvikling og verdiskaping i Setesdal? Regionalt næringsfond gjev støtte til næringsprosjekt med betydning for heile regionen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.07.2026 10:04
Sist endra 07.07.2026 10:04
Nils Marcus Lund er kontaktmann i Bykle kommune for Regionalt næringsfond Setesdal.
Ole Birger Lien
Søknadsportalen for Regionalt næringsfond Setesdal 2026 er no open. Fondet omfattar kommunane Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle, og har i 2026 eit tydelegare regionalt fokus. Midlane vil særleg bli prioriterte til prosjekt som har stor og vesentleg betydning for heile Setesdalsregionen, og som bidreg til utvikling, omstilling og verdiskaping på tvers av kommunar. Søknader skal sendast via regionalforvaltning.no HER
Søknadsfristene er 1. februar og 1. september 2026. Søknadar blir behandla samla etter kvar søknadsfrist, før endelig handsaming i styret. Ein bør ta kontakt med næringsrådgjevar i eigen kommune før søknad blir sendt inn.
Bykle kommune:
Nils Marcus Lund
nils.johan.markus.lund@bykle.kommune.no