Samdrift ved Bykle legekontor og endra rutinar på medisinbestilling
Onsdag 25. november er det samdrift ved Bykle legekontor på grunn av personalmangel. Det betyr at den dagen er legekontora i Valle og på Hovden stengte. Så blir det no ei endring i rutinar knytta til medisinbestilling. På grunn av innføringa av eit nytt nasjonalt medikamentsystem kan legekontora ikkje lenger bestille medikamentar på vegner av pasientane frå apoteket på Evje.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.11.2026 14:43
Sist endra 20.11.2026 14:43
Bare Bykle legekontor er ope i Bykle og Valle onsdag 25. november.
Ole Birger Lien
Pasientane må sjølve bestille medisinar direkte frå apoteket, anten ved å ringje eller via nettbutikken. Når du loggar deg inn i nettbutikken, vil alle aktive reseptar vere tilgjengelege. Medisinar blir leverte til Coop tysdag, onsdag og fredag. Det er også mogleg å bestille medisinar med heimlevering til eiga postkasse frå apotek som tilbyr denne tenesta.
– Vi oppmodar alle om å bestille medisinar i god tid før dei går tome, seier kommuneoverlege Benedicte Severinsen.