Sjøsamisk fiskebollesuppe på bygdekaféen i Bykle i morgon

Kvar tysdag blir det skipa til bygdekafé i Bykle - og i morgon tysdag 10. november vankar det sjøsamisk fiskebollesuppe på alle som møter opp!

Frå bygdekaféen i september. I morgon er det sjøsamisk fiskebollesuppe på menyen. Ole Birger Lien

I tillegg til smakelege rettar byr bygdekaféen på eit ypperleg høve til å treffe kjente og ukjente, slå av ein prat og få eit lite avbrekk frå kvardagen. Det betyr at både dei med sans for ein god matbit, dei sosiale og ikkje minst alle som kan krysse av i begge dei boksane bør vere på plass i lokala ved vaksenopplæringa frå klokka 12-14.