Skipar til Brynjedagen onsdag 21. oktober
I haust blir Brynje-prosjektet avrunda, og det blir skipa til ein fagdag om inkludering både for ei evaluering av prosjektet og faglege vurderingar elles. Fagdagen er gratis å delta på, og går føre seg onsdag 21. oktober frå klokka 09 på Bykle hotell.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.09.2026 13:32
Sist endra 16.09.2026 13:35
Bykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) og Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet er klare for Brynjedagen 21. oktober.
Bykle kommune
Frå programmet kan ein nemne alt frå velkomen ved ordførar Hans Blattmann, opning av konferansier Aziz Azizi, Brynjeprosjektet, medborgarskap i praksis - erfaringar og læringspunkt ved Vidar Mortensen og kva statistikken fortel, og ikkje, om utanforskap, av Håvard Jacobsen, NAV.
Inkludering i stallen
Heidi Lysdahl har bolken stallen som inkluderingsarena, og ein paneldebatt kring erfaringar frå idretten blir leia av konferansieren. Der bidrar Hovden Sportsklubb, BUA i Bygland og inkluderingsprosjektet i Otra IL. Andre aktørar er Setesdal Miljø & Gjenvinning, SAMM-prosjektet og mange fleire.
Her kan du lese meir om dagen.
Her kan du melde deg på.