Skogbrannfare-varsel oppgradert til toppnivå

Meteorologisk institutt har i dag 23.7 utvida farevarselet for skogbrann til nivå oransje - det høgaste nivået ein har.

Illustrasjonsbilete. Pixabay

Varselet gjeld store deler av Agder og landsdelen. Det er no tre aktive skogbrannar i Agder, i Valleheia, Birkenes og Støleheia, 

Ikkje betring i sikte

Litt av bakgrunnen for oppskaleringa er at det ikkje ser ut som om skogbrannfaren skal avta med det første. Det er meldt litt nedbør til helga, men truleg er ikkje dette nok til å redusere risikoen. I bygder, skogar, fjell og hei er det no knapt ein vassdam att - så alle må vere ekstra påpasselege.