Snart blir YX Bykle riven og minibanken fjerna
Det skal byggjast nytt sentrumsbygg i Bykle med oppstart i byrjinga av august. I samband med prosjektet skal bygget der dagens bensinstasjon ligg rivast.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.07.2026 08:49
Sist endra 14.07.2026 08:49
YX-bygget i Bykle skal rivast for å gjere plass for nytt sentrumsbygg.
Ole Birger Lien
Så skal ein likevel få fylle drivstoff i Bykle. Det blir etablert eit tankanlegg på sørsida av Coop Prix, og det skal vere operativt når rivinga tar til. I byrjinga kan ein fylle 95 oktan bensin og diesel, og ut på hausten kjem det også farga diesel.
Minibanken forsvinn
I mange år har Valle Sparebank hatt minibank i veggen på YX-bygget. No blir minibanken avvikla. Bruken av minibanken har vorte sterkt redusert dei siste åra, i takt med nye løysingar som til dømes kontantteneste i butikk.
Minibanken i Bykle blir avvikla.
Ole Birger Lien