Sommaravslutning for Brynjeprosjektet og Frivilligsentralen i morgon tysdag 9. juni
Brynjeprosjektet og Frivilligsentralen skipar til sommaravslutning for vårens aktivitetar i lokala til vaksenopplæringa i Bykle i morgon tysdag 9. juni klokka 12.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.06.2026 09:07
Sist endra 08.06.2026 09:14
Sommaravslutninga blir skipa til her i lokala der bygdekaféen plar samle seg.
Ole Birger Lien
Bygdekaféen stiller med grillmat, og det vankar kaffi og kake på alle som møter opp. I tillegg til å markere ei avrunding av alle aktivitetane Brynjeprosjektet og Frivilligsentralen har stått bak det siste halvåret, er samankomsten eit ypperleg høve til ei hyggeleg stund med ein god matbit og ikkje minst ei god røe! Arrangementet er ope for alle!