Spikking og sosialt samvær på Bygdekaféen på Hovden
Bygdekaféen i Fjellgardshallen på Hovden blir no utvida med handverkstreff. Kvar onsdag fram mot jol kan du ta turen innom for ein hyggeleg prat, noko godt å drikke og kanskje prøve deg på god, gamaldags spikking.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.11.2026 14:32
Sist endra 17.11.2026 14:32
Trond Henning Monan
Spikking er ein aktivitet som stadig fleire oppdagar på nytt. På Bygdekaféen treng du verken erfaring med kniv eller andre forkunnskapar for å vere med. Her blir det lagt til rette for at alle kan prøve seg. Arrangørane stiller med knivar, emne og gode råd undervegs. På sikt kan handverkstilbodet også bli utvida med andre aktivitetar, alt etter kva dei som kjem innom har lyst til å lære meir om.
Lett servering
Fram mot jol blir det servert kaffi, te, saft og nysteikte vaflar. Sal av kaker og varmmat er etter planen tilbake etter juleferien. Bygdekaféen skal vere ein lågterskel møteplass der ein kan kome som ein er, slå av ein prat og kanskje lære noko nytt. Tilbodet er gratis og ope for alle.
Bygdekaféen held ope kvar onsdag frå kl. 15.00 til 19.30 i kaféen i Fjellgardshallen. Siste samling før jul er onsdag 16. desember. Bak tilbodet står Brynjeprosjektet i samarbeid med Frivilligsentralen, Fjellgardshallen og Bykle og Hovden Rideklubb.