Språkkafé i Bykle i morgon
I morgon torsdag 8. oktober klokka 18 er det klart for språkkafé i Bykle samfunnshus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.10.2026 11:01
Sist endra 07.10.2026 11:01
Ole Birger Lien
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!