Språkkafé i Hovden grendehus 12. marsLytt til tekstenStopp avspillingI kveld klokka 18 er det språkkafé i grendehuset på Hovden. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 12.03.2024 12:32 Sist endra 12.03.2024 12:32 Det er språkkafé i Hovden grendehus i kveld. Ole Birger Lien Språkkafé er ein møteplass mellom innflyttarar og lokalbefolkninga både for å trene på norsk for dei som treng det, men også for ein sosial gevinst.– Ein treff nye menneske, har aktivitetar i lag og har det enkelt og greitt triveleg saman, seier leiar for Bykle frivilligsentral, Merete T. Egeland.Viss du vil bidra som språkvert kan du kontakte Egeland på e-post HER