Språkkaféen med sommaravslutning i dag torsdag 11. juni

Språkkaféen i Bykle har sommaravslutning i ettermiddag torsdag 11. juni  klokka 17 - og språkkaféen i Valle kjem opp for å vere med!

Det er samling hjå Ineke i Livegen 20 i Bykle. Det blir grilling, ulike aktivitetar og rideturar for dei som vil det. Alle er velkomne til ein ettermiddag der det sjølvsagt også blir god tid til å slå av ein prat med kjente og ukjente.