St.Hans-feiring på Hegni laurdag
Det blir stor St.Hans-feiring på Hegni no førstkomande laurdag 20. juli frå klokka 17-20.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.06.2026 12:20
Sist endra 17.06.2026 12:20
Helga Jacobsen
Då kan alle vere med på å skape ei minnerik St. Hans-feiring fylt med glede, felleskap og sommarmagi for små og store. Ta med familie, vener og godt humør! Det seier seg sjølv at jo fleire som kjem, jo betre blir stemninga!
Ta med eigen grillmat
Det blir fyr i bålet klokka 19. Så er det open kiosk med brus, is og enkel servering. Ta med eigen grillmat om du ynskjer, så er grillen fresande varm og klar for alt frå hamburgarar til pylser! Alle er invitert til å vere med på å bygge eit stort flott St.Hans-bål. Husk at alt treverk må vere ubehandla, altså utan måling, beis eller impregnering.