Stadig fleire vil ha nyheitsvarsling frå Bykle i CivisLytt til tekstenStopp avspillingBykle kommune tok for eit drygt år sidan i bruk appen Civis, som sender ut mobilvarsling til brukarane når det blir lagt ut nyheitssaker på den kommunale heimesida. No har meir enn 2700 menneske lasta ned gratisappen for å få varslingane. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 15.05.2024 12:44 Sist endra 21.05.2024 12:33 Alle som lastar ned Civis og fylgjer Bykle kommune får varsel med ei overskrift, bilete og ein ingress. Er ein interessert i meir om den aktuelle saka, er sjølve oppslaget på heimesida bare eit tastetrykk unna. Det er gratis å laste ned og bruke Civis.Sjølvbetjening– I tillegg til varslinga er det ein eigen sjølvbetjeningsfunksjon der ein kan finne alt frå politiske saker til postlister og viktige telefonnummer. Den delen av tenesten er i stadig utvikling, seier Vidar Johnsen.HER kan du laste ned Civis for AndroidHER kan du laste ned Civis for AppleHugs å krysse av at du vil fylgje Bykle kommune!