Statens vegvesen minner om at no kan det vere glatt på vegane i indre Agder

Det kan no vere glatt enkelte stader på vegane i Indre Agder, særleg om morgonen og på stader der temperaturen er låg. Bilistar bør difor vere ekstra merksame og tilpasse farten etter forholda.

Pixabay

Oversikta til Statens vegvesen viser blå status fleire stader. Det betyr at det kan vere fare for glatte vegar. Frå 1. november er det lov å bruke piggdekk. Det er også viktig å hugse at bilen alltid skal ha dekk som gir godt nok veggrep etter forholda. Skal du køyre på vegar der det kan vere frost, is eller snø, er det på tide å vere skodd for vinterføre.

Nokre enkle råd:

  • Sjekk veg- og føreforhold før du køyrer.
  • Ver særleg merksam på bruer, skuggeparti og område der temperaturen kan vere låg.
  • Hald god avstand til bilen framfor deg.
  • Senk farten dersom du er usikker på føret.
  • Byt til vinterdekk dersom du ikkje allereie har gjort det.

Køyr etter forholda. Det kan vere glatt sjølv om vegen ser bar ut.

Her er Statens vegvesen si oversikt over glatte vegar