Tilsynskontoret for avlaup søkjer rådgjevarar

Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, og Åmli går saman om eit felles tilsynskontor for avlaup. Arbeidet blir utført på tvers av alle kommunane, med Bygland som vertskommune. 

Anders Martinsen

Alle norske kommunar er pålagde å føre tilsyn med spreidte avlaupsløysingar. Bakgrunnen til det ligg i forurensningsloven, forurensningsforskriften, EU-vanndirektivet, det nye EU-avlaupsdirektivet. Klima- og Miljødepartementet har tydeleggjort kommunens oppgåver om spreidd avlaup. Oppgåvene inneberer at kommunane skal kartleggje og følgje opp utslipp frå avlaupsanlegg dei er myndigheit for, etter kapittel 12 og 13 i forurensningsforskriften. Difor vert Indre Agder Kommunale Tilsynskontor for avløp (IAKT) oppretta.

Det er no utlyst to rådgjevarstillingar til kontoret