Utbyggingsavtale for Øvre Geiskelid - offentleg ettersyn
Reguleringsplan for Øvre Geiskelid vart vedteken av Bykle kommunestyre den 17. februar 2022, sak 13/22. Utbyggingsavtalen blir lagd ut til offentleg ettersyn, også kalla høyring, i tråd med plan og bygningslova §17-4.
Høyringsperioden er frå 09.06.2026 til 07.07.2026.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.06.2026 12:02
Sist endra 09.06.2026 12:02

I samband med planarbeidet vart det varsla oppstart av arbeid med utbyggingsavtale. Avtalen er no utarbeidd og regulerer i hovudsak finansiering og gjennomføring av planen og spesielt rekkeføresegn. Saman med dette brevet får du forslaget til utbyggingsavtale for Øvre Geiskelid, planID 202110.
Vil du gi høyringsfråsegn på forslaget til utbyggingsavtale sendast denne innan 07.07.2026 til:
postmottak@bykle.kommune.no eller
Bykle kommune
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Ver vennleg og påfør høyringsfråsegna vår referansenummer 2026/479.
Høyringsfråsegnene blir vurdert og kommentert i sakspapira til Formannskapet og Kommunestyret og blir ikkje svart på skriftleg. Dersom utbyggingsavtalen vil ha innverknad for eventuelle leigetakarar, ber me deg informere desse. Resultatet av politisk behandling av utbyggingsavtalen blir kunngjort ved annonsering etter at Formannskapet har behandla avtalen. Vedteke utbyggingsavtale kan ikkje bli klaga på.