Vassprøver frå Hovden sendt til analyse i dagLytt til tekstenStopp avspillingVassprøver frå den mellombelse reserveløysinga for vassproduksjon ved Hovden vannbehandlingsanlegg er sendt til analyse i dag - i påvente av svar må framleis alle som er tilknytta Hovden vassverk koke drikkevatnet. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 23.07.2026 13:29 Sist endra 23.07.2026 13:48 Anders Martinsen Dette gjeld abonnentar frå Hoslemotoppen til Hovden fjellstoge, som altså må bruke kokt vatn inntil annan beskjed blir gjeven. Ikkje full kapasitetDet er ikkje full kapasitet på reserveløysinga, så oppmodinga frå i går om å begrense vassbruken til eit minimum slik at ein ikkje skal gå tom for vatn, gjeld framleis. Kommunen jobbar for fullt med å kome tilbake til normal produksjon, men dette vil framleis ta noko tid.