Vegen opp Eidsborgkleiva på Dalen blir stengt i fleire periodar i sommar

Vegen frå Dalen og opp Eidsborgkleiva skal forsterkast og rassikrast i sommar. Det betyr at vegen kjem til å vere open bare til visse tidspunkt.

Det blir vegarbeid i Eidsborgkleiva frå mai til september med tidvis stengt veg. - Klikk for stort bileteDet blir vegarbeid i Eidsborgkleiva frå mai til september med tidvis stengt veg.

Statens vegvesen opplyser at vegarbeidet tar til i dag måndag 6. mai. Det er meininga at opprustinga skal vere fullført innan 1. november.  Villasvingen skal forsterkast og Eidsborgberget rassikrast. Det kjem til å bli utbetringar fleire stader langs vegen. 

Stengt det meste av dagen

Vanleg opningstid på vegen i vekedagane blir frå klokka 20.00 om kvelden til 08.30 om morgonen. I tillegg blir det ope for ferdsle kvar ettermiddag frå 14.30 -16.00 måndag til torsdag. Frå torsdag ettermiddag er vegen open til måndag morgon klokka 08.30. Køyretøy med lengde over 13,5 meter kan ikkje passere når det er arbeid langs vegen. Det er omkøyring via Åmot i Vinje.

Ope i fellesferien

Vegen blir open i vekene 28-31, altså frå fredag 5. juli klokka 14.30 til måndag 5. august klokka 08.30. I tillegg skal vegen vere open 17. mai og i pinsa frå torsdag 16. mai klokka 14.30 til tysdag 21. mai klokka 08.30. På toppen av dette blir vegen open fredag under Dalsmarken og Dyrskufredagen.