Vellukka brannøving på Bykle sjukeheimLytt til tekstenStopp avspillingMange var med på øvinga på Bykle sjukeheim sist veke. Bykle kommune Brannvesen og helsepersonell utførte ei omfattande brannøving ved Bykle sjukeheim torsdag i sist veke. Mange deltok i det som vart ei realistisk gjennomføring.RøyklagtDeler av Bykle sjukeheim vart røyklagt som del av øvinga. Røykdykkarar trente på evakuering, og ambulansepersonell var også med. Etter øvinga vart det ei felles evakuering der Torvald Gautland, som leia øvinga for brannvesenet, tok for seg ulike punkt til læring. I evalueringa var både dei tekniske sidene ved brannmannskapa sine oppgåver men ikkje minst samarbeidet med helsepersonell og tilsette på sjukeheimen viktige moment. Øving på scenario som dette er sjølvsagt viktig, og gjennomføringa i Bykle sist veke var ein god og nyttig gjennomgang.Brannansvarleg ved Bykle sjukeheim Torill T. Lien tok imot brannmannskapa som kom til øving ved Bykle sjukeheim. Bykle kommune