Vil du bli meddomar?

Kommunestyret skal velje meddomarar for lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten, samt skjønnsmedlem. Valet gjeld frå 01.01.2025 til 31.12.2028.

Bykle kommune må velje og melde inn følgjande til domstolen:

2 meddomarar til lagmannsretten (ei kvinne og ein mann). 
4 meddomarar for tingretten (2 kvinner og 2 menn) 
2 jordskiftemeddomarar (ei kvinne og ein mann)

3 skjønnsmedlem. Desse kan gjerne vere jordskiftemeddomar også.

Vervet som meddomar er ein samfunnsplikt. Dette inneber blant anna at du normalt får fri fra ordinært arbeid for å utføre vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap.

Kven kan vere meddomar?

Domstollova stiller visse krav til kven som kan veljast til meddomar. Blant anna må du være over 21 og under 70 år ved valperiodens start, du må ha stemmerett samt stå innført i folkeregisteret i kommunen. Det er eit vilkår at du har tilstrekkelege norskkunnskaper, og ein fordel om du har alminneleg god digital kompetanse.

Dei som veljast, skal også vere alminnelige hederlige samfunnsborgarar som er godt skikka til vervet (ikkje straffedømt, eller har økonomisk vandel). Lovas generelle krav er at ein meddomar skal ha tilstrekkelege norskkunnskaper og vere personleg egna til oppgåva. Utvalga skal vere samansett slik at dei representerer eit gjennomsnitt av befolkninga.

Ønskjer du vere ein del av utvala av meddomarar eller skjønnsmedlem frå Bykle kommune? Meld di interesse ved å sende ein epost til postmottak@bykle.kommune.no. Om du har spørsmål ring politisk sekretæriat på telefon 47719307.

Frist for å melde interesse er 12.05.24