Vil du vere med å halde gjenbruksbutikken på Hovden open i sommar?
Har du litt tid i sommar? Gjenbruksbutikken på Hovden treng folk til å ta vaktar - så om du er fastbuande eller hyttebyklar, kan hende er dette noko for deg?
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.07.2026 10:48
Sist endra 09.07.2026 10:48

Viss ein slår seg saman med gjengen som held butikken open får ein sosiale og trivelege opplevingar som bonus. Både dei som har mykje og dei som har litt mindre tid kan vere aktuelle - så er ein i tvil bør ein ta kontakt!
Her kan du melde deg som frivillig eller kome med spørsmål:
kultur@bykle.kommune.no tlf 90216856