Vil du vite meir om eigenberedskap?

For ikkje mange vekene sidan deltok kommunane Bykle og Valle i den nasjonale eigenberedskapsveka  - men ein kunne sjølvsagt ikkje kome innom alt av relevant informasjon på så kort tid. Det kan difor vere lurt å minne om at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har nettsider proppfulle med nyttig informasjon!


 

Eigenberedskapslager. Brannforebygging og utfordringar med elektrisk utstyr. Nødnett, ulike nyttige produkt og ulike beredskapsplanar - alt finn ein HER

På nettsidene finn ein også ei oversikt over ulike relevante kurs innan beredskap - alt frå tryggleiksanalyse til øving og krisehandtering. Med aktuelle nyheitsartiklar som handlar om beredskap er det mykje nyttig informasjon å finne for den som vil lære meir.