Vil ha fleire med på smykkekurs på den vidaregåande skulen i Valle i morgon

Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle skipar til smykkekurs i morgon 8. oktober klokka 14.30-18.00 - og vil ha fleire med seg! 

Helene Marie Årsbog og Jonas Wayu Berntsen håpar mange kjem på kurs i Valle i morgon. Ole Birger Lien

Setesdal vidaregåande skule avdeling Valle har gjennom mange år hatt elevar som beint fram har utmerka seg på høgt både nasjonalt og internasjonalt nivå innan smykkearbeid - og i morgon vil årets elevar altså dele med seg av kunnskapen til alle som er interessert. I løpet av kurset kan ein velje mellom alt frå Kongekjede til Vikingstrikk og trådkunst - og kurset er del av kulturveka i Valle.

Kursinga er gratis og folk i alle aldrar er velkomne. 

Her kan du lese meir og melde deg på