Vil skaffe seg oversikt over dei som skal ha barnehageplass 2026/2027
Barnehageleiar i Bykle kommune, Caroline Rysstad, ber no alle som skal ha barnehageplass i 2026 og 2027 om å ta kontakt - i og med at det er såpass mange ynskjer ho å skaffe seg ei solid oversikt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.06.2026 10:23
Sist endra 10.06.2026 10:23
Leik og moro i Bykle barnehage.
Caroline Rysstad
Ein kan sjølvsagt også bare søke seg barnehageplass - så kjem ein inn i systemet og Rysstad får oversikt på det viset. Men, ein kan også kontakte henne - også om det er spørsmål.
Caroline Rysstad når ein her: caroline.rysstad@bykle.kommune.no Tlf: 934 21 494
Her er meir info og lenke til søknadsskjema.
Bykle kommune tar imot søknader fortløpande.
Bykle barnehage
Barnehagen ligg i nærområde til både bustadfelt, barneskule og friområde med ljosløype og skistoge. Dei to avdelingane er Ulvetuva og Bjørnehiet. Avdelingane er romslege og innhaldsrike, og innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik og læring.
Fjellgardane barnehage
Fjellgardane barnehage ligg i enden av ein blindveg og er nabo til barneskulen og friområde med ljosløype. Dei tre avdelingane våre er: Revehiet, Maurtuva og Jasehola. Avdelingane har fleire innhaldsrike rom å utfalde seg i, og som innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik