Vil vite meir om matvanane i Setesdal

Kva meiner innbyggjarane i Setesdal om mat og kosthald? Det ønskjer prosjektet «Kosthold for livet» i LMT Setesdal å få meir kunnskap om. No blir folk i regionen inviterte til å delta i ei undersøking om matvanar og behov.

Målet med «Kosthold for livet» er å auke kunnskapen om mat i Setesdal og gjere det enklare for folk å ta gode matval i kvardagen. Som ein del av arbeidet ønskjer prosjektet å kartleggje matvanane og behova til innbyggjarane i regionen årleg. Gjennom undersøkinga kan folk kome med innspel om mat og kosthald og fortelje meir om eigne vanar og behov. Svar frå undersøkinga skal gi prosjektet betre kunnskap om situasjonen i Setesdal. Denne kunnskapen kan igjen brukast til å utvikle tiltak og tilbod som er tilpassa innbyggjarane i regionen.

Kan vinne gåvekort

Dei som svarar på undersøkinga, kan vere med i trekkinga av eit gåvekort på 1000 kroner. Gåvekortet kan nyttast i ein valfri matbutikk i Setesdal. For å delta kan ein skanne QR-koden som følgjer informasjonen om undersøkinga. Prosjektet håpar at mange innbyggjarar vil ta seg tid til å svare, slik at kartlegginga gir eit best mogleg bilete av matvanar, ønske og behov i Setesdal.