Varsel om oppstart av planarbeid for revidering av Trafikksikringsplan og høyring av planprogram
Bykle kommune varslar med dette oppstart av revidering av Trafikksikringsplan og offentleg høyring av forslag til planprogram etter vedtak i planutvalet 01.06.2026, sak 77/26.
Bykle kommune skal ha ein oppdatert trafikksikringsplan som grunnlag for å evaluere gjennomførte trafikktryggleikstiltak, identifisere risikoområde og prioritere nye tiltak. Trafikksikringsplanen skal legge til rette for eit systematisk arbeid med trafikktryggleik i Bykle kommune. Barn og unge er ei særleg prioritert målgruppe i trafikksikringsarbeidet.
Planprogrammet seier kva planen handlar om, kva kommunen ønskjer å oppnå med revideringa, kven som er involverte i arbeidet og korleis innbyggjarar og andre kan kome med innspel. Tema i planprogrammet er ikkje endelege, og kan bli justert etter innspel dersom det er føremålstenleg. Når planprogrammet er vedteke, fungerer det som ein arbeidsplan for kommunen i det vidare arbeidet.
Frist for innspel til planprogrammet og planarbeidet er 10. september 2026.
Innspel må vere skriftlege og kan sendast til post@bykle.kommune.no eller Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.
Dokument til høyringa:
Gjeldande Trafikksikringsplan finn du her.
Publisert 24.06.2026 15:10
Sist endra 24.06.2026 15:12