Vedtak Reguleringsendring Børtemannsbekken nord- sørlig del, del BFF3, planID 202204, forenkla prosess

Vedtak i planutvalet 17.08.2026 sak 111/2026:

«I medhald av plan- og bygningslova §12-14 blir endring av detaljregulering for Børtemannsbekken nord-sørlig del, planID 202204, del BFF3, vedteken med følgande endringar av plankart og føresegn:

- Plankart og føresegn justerast jamfør pkt. under, samt vedlagt skisse frå administrasjonen, sjå figur 2.
- Maks BYA = 150 m2 for BFF3. BYA er angitt i plankartet. Parkering skal inngå i BYA. Parkering er 20m2 per plass. Det er 2 parkeringsplassar per eining.
- Byggegrense for gnr./bnr. 1/51 justerast jamfør vedlagt skisse (figur 2).
- Stikkveg SKV5 fjernast og erstattast med avkøyrslepil til gnr./bnr. 1/287.
- For gnr./bnr. 1/51 i BFF3 skal ferdiggolv 1.etasje vere kote +841.
- Mønevinkel vert endra til å vere mellom 25-32 grader.

Administrasjonen får fullmakt til å oppdatere aktuelle plandokument med gjeldande endringar i etterkant av vedtak.»

Plankart og føresegn er oppdatera av administrasjonen jamfør vedtak.

Frist for å klage på vedtaket er sett til 23.09.2026
Eventuell klage kan sendast til post@bykle.kommune.no eller Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, innan fristen.

Saksdokument: 

Plankart, føresegn og øvre dokument finn du her på arealplanar.no .

Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget.