Rabattar og støtteordningarLytt til tekstenStopp avspillingI Bykle har vi som innbyggjarar fleire fordeler, rabattar og ordningar. Her er ei liste over nokre av dei. Rabattar og ordningar i Bykle kommuneRabattar hos Hovden FjellbadInnbyggjarar i Bykle kommune får badetilbod og rabatt på årskort på Hovden Fjellbad.Lokale born: Redusert pris på årskort, og Aktivitetskort (ordning kjem)Lokale vaksne: Redusert pris på årskort, sjå pris.Årskort på Hovden Fjellbad Aktivitetskort for barn og unge i BykleSesongkort og fritidsstøtte for barn og unge i BykleBykle kommune vidarefører ordninga med støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge.Skikort og badelandkort:Sesongkort ved Hovden Alpinsenter med eigenandel på 1000 kr for dei mellom 7 og 19 år.Årskort på Hovden Fjellbad mot ein eigenandel på kr 500 per barn for dei mellom 3 og 19 år.Familiar med samla inntekt under 6G kan søkje om fritak frå eigenandelen. Då skal du ikkje tinge kort på nett eller i resepsjonen, men søke kommunen fyrst med dette skjema (skjema aktiverast 9.sept). Frist for å søke fritak frå eigenandelen er 30. september.Familiar med tre eller fleire barn får 50 % rabatt frå og med barn nummer tre, dette gjeld begge tilboda. Støtte til annan fritidsaktivitet dersom barnet ikkje ønskjer skikort, kan familien søkje om støtte til annan fritidsaktivitet. Dette kan til dømes vere deltaking i organiserte fritidsaktivitetar eller kurs.Bestilling og søknader: Årskort ved Hovden Alpinsenter bestillast på nett, medan årskort ved Hovden Fjellbad kjøpast i resepsjonen. Søknad om fritak frå eigenandel eller ønskje om anna aktivitetstilbod skal sendast til Bykle kommune. Rabatt på 50 % for tredje barn og vidare blir handtert direkte hos alpinsenteret eller fjellbadet ved bestilling av sesong- og årskort.Slik søkjer du:Søknad sendast gjennom kommunen sitt digitale søknadsskjema. Frist for å søke skikort er 30. september. Frist for badelandkort er 1. desember. Frist for å søke fritak frå eigenandelen er 30. september Har du spørsmål om ordninga, kan du kontakte Bykle kommune ved kommunalsjef for oppvekst og kultur Kjetil Vik. Tilskotsordning for energieffektivisering - ENØK (Ordninga er avslutta)ENØK-ordninga er avsluttaMeir om kva ENØK - ordninga varEtableringstilskot for bygging av bustadMøglegheit om å søkje tilskot for bustadsbygging her i Bykle kommune, gjeld privatpersonar.Les meir om Retningslinjer og Reglar for Etableringstilskot (PDF, 156 kB)Ordninga vert indeksregulert årlig frå 1.1.2023. For leilighet kr 150 000. For einebustad kr 400 000, kr 600 000 med utleigeeinig (2023-tal)Rabattar ved Hovden treningssenterInnbyggjarar i Bykle Kommune får rabatt på treningskort på Hovden Treningsenter.Sjå Reglar og PrisEtablerartilskot og andre stønadsordningar til næringsverksemdLes meir om stønadsordningar for næringverksemd her.Statsallmenninga og UrevassvegenMeir om statsallmenninga på sida til Bykle fjellstyreInnbyggjarar i Bykle får køyre bil på Urevassvegen mellom 01.07 til 12.10 (unntak vert gjeve av Bykle fjellstyre) - Oblatkort til å leggje i bilen kan hentast på Bykle rådhus. Spørsmål kan rettast til Otteraaens Brugseierforening.UtdanningsstipendStudentar og lærlingar som er folkeregistrert i Bykle kommune, kan søkje om utdanningsstipend frå kommunen. Les meir her. UtviklingsstipendKvart år dele ut utviklingsstipend til utøvarar på høgt regionalt eller nasjonalt nivå innan kulturområdet som musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Les meir her. Treningsrom i BykleTreningsrommet i Bykle samfunnshus er gratis for innbyggjarar. Ta kontakt med biblioteket for avtale (adgangsbrikke til treningsrommet får man etterpå på Rådhuset)Lån og leige av lokalar og kulturhusBykle Kommune tilbyr leige og lån av våre lokaler og kultur hus. Les meir her.Dagaktivitetstilbod til eldreDagaktivitetstilbod på Heimen i Bykle for heimebuande i Bykle Kommune.KulturbussenTilbod om leige av Kulturbussen for lag, organisasjonar og private.Les meir om reglar og krav for leige av Kulturbussen.Tilskott til spreidd bustadbyggjingTilskotsreglar bustadbyggjing – privat/spreidd Tilskot spreidd bustadbygging blir gjeve etter gjeldande reglar og i tillegg til tilskott etableringstilskott. Tilskot spreidd bustadbyggjing blir gjeve med kr. 40.000 for vatn og kr. 40.000,- for kloakk. a) Tilskot for byggjing av private stikkleidningar fram til offentleg nett i bustadfelt/utanfor bustadfelt blir gjeve med inntil kr. 540,- pr. lm etter framlagde rekningar. Anlegget skal godkjennast før utbetaling skjer. b) Tilskot til opprusting av eksisterande private vatn- og avlaupsanlegg blir gjeve med inntil kr. 20.000,- for kloakk og inntil kr. 20.000,- for vatn etter framlagde reikningar/kostnadsoverslag godkjent av plan og utvikling. Plan og utvikling må godkjenne anlegget. Bustad som får tilskot etter dette punkt, kan ikkje få nytt tilskott før etter 10 år. (Tilskotet fylgjer til ein kvar tid gjeldande budsjett). Tilskot etter punkt b, gjeld anlegget og ikkje kvar husstand som er tilknytta anlegget. Viss fleire bustadbyggjarar går saman om eit vassforsyningsanlegg, skal søknaden vurderast særskilt utifrå dokumenterte utgifter. Nærare sakshandsamingsreglar for tilskott blir delegert kommunedirektøren. Generelle vilkår Eigar av bustaden må som privatperson vere registrert fastbuande i Bykle kommune før noko tilskot vert utbetaltVedteke 24.05.22, kommunestyresak 35/2022 - Revidert 26.01.23 kommunestyresak 4/2023 Nasjonale rabattar og ordningarRedusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, i barnehagenBykle kommune tilbyr redusert betaling for barnehage til familiar med låg inntekt, med moderasjonsordningar som inntektsdifferensiert foreldrebetaling og gratis kjernetid.Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, i barnehagenStartlån til kjøp av bustadStartlån (Husbanken)Bostøtte frå HusbankenBostøtte (Husbanken)Sosialstønad og trygdBykle kommune er ein del av NAV Midt-Agder. NAV-tenester finn du herSosialtenesta vert i samarbeidet drifta av Vennesla kommune. Publisert 22.05.2024 13:31 Sist endra 03.09.2026 14:52