Oppstart av planarbeid

Oppstart av planarbeid skal alltid avklarast med kommunen. 

Det er kommunen som er planmyndigheit og som må taka stilling til om planarbeid kan starta opp (jamfør plan- og bygningslovas §12-8). 
Om ein ynskjer å starte opp planarbeid, må ein sende inn ein førespurnad om dette til kommunen. Ta tidleg kontakt med avdeling for Samfunn som kan gi informasjon og råd for det vidare planarbeidet. 

Plan – og bygningslova fastlegg at reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige og gis ein eintydig og forståeleg form (§ 12-3). Engasjer fagkyndig konsulent dersom du skal utarbeidde eller endre reguleringsplan. Fagkyndigheit (§ 12-3) må dokumenterast ved innsending av planinitiativ. 

Sakshandsaming av detaljreguleringsplanar, endring av desse, samt dispensasjon frå reguleringsplan er gebyrbelagt og satsane finn du i prislista

Gjeldande plandokument, kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar for Bykle kommune finn ein her: arealplaner.no

Detaljreguleringsplan

Ved oppstart av planarbeid for ny detaljreguleringsplan skal forslagsstillar sende inn førespurnad med planinitiativ til kommunen. 
Krav til innhald i eit planinitiativ er gitt av forskrift om handsaming av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova, ikrafttredelsesdato 01.01.2018: Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven - Lovdata 

Mal for planinitiativ  (DOCX, 122 kB) 

Kommunen tek stilling til om planarbeidet kan starte opp, og innkallar til eit formelt oppstartsmøte jf. pbl. §12-8 og forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering §2 og §3.

Reguleringsendring etter forenkla prosess

Dersom du ønskjer å søke om løyve til tiltak som er i motstrid med gjeldande reguleringsføresegn eller plankart innaføre ein bestemt reguleringsplan, må ein vurdere om det er aktuelt å søkje om endring etter forenkla prosess, jf. pbl. §12-14

Det er en eigen saksprosess knytt til endring av reguleringsplan. I utgangspunktet stilles same krav til endring av reguleringsplan som til utarbeiding av ny plan, det vil seie full planprosess og krav til planfagleg kompetanse. Loven opnar samtidig for at endring av plan kan gjennomførast på enklare måte - forenkla prosess.

Mal for søknad om reguleringsendring (DOCX, 40 kB)

En rekke kriteria må vere oppfylt for at ein sak skal kunne handsamast som endring av reguleringsplan med forenkla prosess jf. pbl. §12-14. Det er kommunen som i kvart enkelt tilfelle vurderer om ein sak oppfyller disse krava og kan handsamast gjennom forenkla prosess. 

Det er viktig å ta kontakt med avdeling for Samfunn i kommunen før du setter i gong ein søknadsprosess. Det er kommunen som sender reguleringsendring ut på høyring til rørte partar.  

Handsaming

Utarbeiding av ny detaljreguleringsplan eller endring av plan skal handsamast politisk. 
Politisk møtekalender finn ein her